-I have never searched for happiness. Who wants happiness? I have searched for pleasure.

-And found it, Mr Grey?

-Often, too often.

Eg har lese romanen til Oscar Wilde, kanskje verdas mest kjende homofile mann (eller bifile, om det var det han var). Han skriv godt. Og tankevendande. “The Picture of Dorian Grey” får deg til å forstå kva Aristoteles meiner (for dei som har ExPhil..) når han snakkar om at lukke ikkje kan kome frå t.d. nyting, åleine. Wilde let også vende mange faste normer om korleis ein skal forhalde seg til verda. Hans kjende sitat, som blir brukt i tide og utide; “Eg kan motstå alt, bortsett frå freistingar”, er eit henta fra denne boka.

Dorian Grey let seg freiste. Dette kan nok høyrast ut som eit lett nok tema å skrive bok om. Det er måten Wilde vrengjer karakterane sine og sinnsstemningane deira som gjer boka hans til noko Annleis. Som t.d. korleis Dorians ideal, Lord Henry, rettferdiggjer Dorians framprovosering av eit sjølvmord. Dette gjennom å sjå på teateret som ei eiga verd. Verken Ophelia eller Julie har livets rett når stykket er ferdig. Då ei heller skodespelerinna. Alt er lov, om berre ingen veit om det. Og ærlegdom, har inga plass i herr Greys verd. Med Lord Henrys ord:

Is incincerity such a bad thing? I think not. It is merely a method by which we can multiply our personality.

“The Picture of Dorian Grey” er den einaste romanen Oscar Wilde skreiv. Korleis mannen kunne bli dømd som homofil, med grunnlag i denne boka, er meg ei gåte. Men eg trur nok haldningane til personlegdommane i boka kan vere skremmande nok.