Då var tida på vidaregåande over. Og eg gjorde som gymboka lærte meg. Avslutta med eit vellykka forsøk.

Det er det ein skal gjere når ein lærer seg ein ny idrett. For min del synest eg det kan overførast til alle typar læring. Også vidaregåande skulegong. Historie muntleg gjekk skambra.

No skal eg tenkje på alt eg ikkje angrar på. Alle dei ufornuftig seine kveldane. Prøvane eg ikkje greide å fokusere på. Alt eg har lært som ikkje har noko med skulen å gjere. Val eg har teke, angra på, og lært av. Og nyte regnet, som som vanleg gjorde sitt inntog i det eksamenstida endeleg var over. God sommar=)