Har du noen gong Donald-dagar? Dagar da alt som kan gå gale, går gale. Du trakkar på spiker og får raker i panna. Når du trur du gjer noe bra, slår det negativt tilbake på deg. Nabo Jensen truar med å rive heile huset ditt. Eg hadde mange slike dagar da eg var lita.
Me hadde ingen nabo som heitte Jensen, og ei rake har eg berre fått i panna ein gong, men likevel følte eg meg Donald. Det eg ønskte og håpte på skjedde aldri. Hadde eg bestemt meg for noko, kom alltid noe i vegen. Eg var ikkje eit ulukkeleg barn, det er ikkje det. Eg var berre litt overdosert på uflaks.
Etterkvart som eg blei eldre, laga eg meg eit system for å fremje min indre harelabb. Over med feil og følger av feil, no skulle eg bli den sigrande. Og systemet verka! Viljestyrken min endra meg. Omvendt psykologi på lågt nivå var svært effektivt. Negative tankar gjorde positivt utslag i røynda og eg såg litt etter litt at verda rundt meg endra seg.
Slik har eg hatt det lenge nå. Men sjølvmedisineringa har eg trappa ned. Det er ikkje så nøye tenkjer eg. Que sera sera. Det er ikkje verdas undergong. Men nå byrjar eg å lure…
Kva er oddsen for å komme opp i ditt verste fag, skriftleg, to år på rad? Og at (den taktiske) grunnen til at du valte dette faget fell bort når du byrjar å studere (fordi ein besserwisser har bestemt seg for å dytte kunnskap inn i den norske skulen)? Med det samme vil dei nye reglane gjere slik at det svir mest med eksamenskarakterar i dårlege fag (det blir ikkje forbetring, berre ein ekstra låg karakter) …
Eg forventar nesten at matrosdressen ligg klar og onkel Skrue står på trappa når eg vaknar i morgon, til min første eksamen…

No comments yet
Kommentar-feed for denne artikkelen