Eg er ein sadist og eg innrømmer det.

Når eg ser ho kaste raske blikk på klokka og hive saman notata sine, er det noko i meg som gler seg. Imaginære maur sluttar å kravle på meg og eg slepp eit lindrande sukk. Det er over. Svart/kvitt-biletet av verda forsvinn og det er igjen lov med kritiske spørsmål.

Eg sel meg sjølv billeg kvar veke. Hald kjeft eller svarar med innøvde svar utan å bry hjernen. Som systemet vil. Eg kjenner at eg blir meir og meir tilbøyeleg til å tru på amerikanaranes “A man’s ego is the fountainhead of human progress”. Nokon gonger verkar det berre ikkje som om me greier å respektere kvarandre i samarbeid

Eg prisar meg lukkeleg for at tida mi på vidaregåande snart er over.