Me bryr oss ikkje.

Me likar berre pengar.

Me likar å vite kven som har dei, og kva dei går til. Akkurat kor mykje dop Britney stappar i seg for å bli så gal at ho barbarar hovudet. Akkurat kor lite av pengane sine Nicole Richie brukar på mat, sidan ho ser ut som eit levande skjelett. Men det er også alt me vil vite. Me bryr oss ikkje om “politikk”.

“Politikk er å ville, men ikkje kunne” heiter det. Mange seier seg leie og drit i heile greia. Politikk er ikkje deira område. Men kva er politikk?

Eg er definitivt ikkje den rette til å gi eit korrekt svar på dette. Det svaret ville sannsynlegvis innhalde fleire særs krokete setningar med skremmande framandord. Svaret mitt er i staden: Politikk er deg. Og meg. Politikk er måten eg og du bestemmer at vi skal leve på. Saman.

“Men kva med alle politikarane, partia, fargane? Eg greier jo ikkje halde styr på dei!” Ja, eg høyrer klagene på bakerste benk. Men politikk dreier seg ikkje berre om å vite kor grønn Åslaug Haga er og å kjenne Dagfinn Høybråtens blåe blikk, det dreier seg om meiningane dine og magekjensla. Kva meiner du er rettferdig? Kven vil du at skal ta ansvaret for deg og ditt?

No blir det avgjort kor mykje pengar du skal måtte betale for bussen til og frå skulen. Det blir avgjort kva du skal kunne finne på i helga. Det står også på kven som skal stå bak kateteret og måle di verdi. Det er ditt val. Bruk den stemma du har:)