…US Airforce sweater
Ja-a, då var eg heime igjen. Ingen slangar på flyet, ingen galne tryggleiksvakter. Så vidt eg veit om. Eg kom gjennom tryggleikskontrollane, med skrekken i behold. Høgdepunktet var då me starta i Dallas. I den har-du-flytande-sprengstoff-sjekkande maskinen. Ein genial liten ting, dersom ein likar å hoppe høgt. Maskinen minnar om ein telefonkiosk som manglar ein vegg. Ein går inn der det ikkje er nokon vegg og går ut att når døra opnar seg framfor ein. Inni maskinen blir ein bombardert med luft. Ikkje skummelt seier du? Vel, nokre av oss er litt meir lettstøkne enn andre… Eg overlevde i alle fall. Det som var verre å overleve var antalet nordmenn på flyplassen. Og sorten.
Nå undrar du vel kva som går av meg, og om eg er blitt mannevond eller rasistisk. Vel, eg er nok ikkje blitt nokre av delane. Eg har hatt meiningar om merksemdsfrikar lenge. Det hjelper ikkje at dei er cheerleaderar på Texastur kledde i rosa cowboyhattar, hettgenser og tights. Og at dei lagar oppvisning midt på flyplassen. Dei om det. Kanskje er eg berre misunneleg. Gnålete oslodialekt og sløyfer i håret. Jiha!
På flyet sat eg attmed ei tysk dame. Trur eg. Ho prata i alle fall tysk med flyverten og spytta nokre tyske-liknande gloser ut i lufta no og då. Ikkje at ho var med nokon, eller snakka til nokon, og eg følte meg heller ikkje truffen. Ho virka litt sprø, men ettersom eg ikkje forstod kva ho sa, er nok ikkje eg den beste til å dømme. Resten av mine setekameratar var ok. Nokre litt for velpleide, men sikkert meget hyggelege likevel. Eg kom meg trygt til Haugesund.
Til trass for kun åtte timar svevn på to døger (to+seks) greide eg suksessfullt å gjere entrè på skulen i rett tid. Og gleda er stor over venner, brunost, grovbrød, melkesjokolade, rekeost, aulaen og eiga seng. Som eg no snart kjem til å inngå i, ettersom eg, av tidlegare nemnte grunnar, er ganske så trøytt. Med eit smil om munnen kjem eg til å sovne, superglad for at eg har ein bror i Amerika som tøff som toget & fordi eg har hatt ein deilig tur.

3 comments
Comments feed for this article
mars 19, 2007 kl. 7:47 am
liv
Hoerres digg ut med venner, brunost, grovbrød, melkesjokolade, rekeost, aulaen og eiga seng.. For ikkje sei moerk skjokolade, gulost, filterkaffi, varm dusj som komme ovanifra, eget bad, reint vann i springen, stereoanlegget, musikken min, eget internett, kjoekken og slikt:-)
mars 19, 2007 kl. 5:30 pm
Julie
Du må virkelig komma tilbake fra India snart, kjære søster! Du trengs her:)
mars 27, 2007 kl. 5:15 am
liv
det e ganske digg aa vere her eg ikkje trengs og:-) ska se hedda gabler paa hindi, samarbeidsproduksjon med ambassaden, med ein professorvenn i dag. ellers saa va eg jo i norge paa loerdag. men ein liten tur te rindane hadde ikkje vert aa forakta heller.. klem kjaere soester