På tide med ei oppdatering? Vel, først må viktigare ting for dagen… Nemleg: Ida.
Gratulerar med 18 årsdagen, Ida!
Eg tippar det blir full fest i svingen. Du inviterer vel den “hemmelege” loverboyen din??;p Neida, eg ser at Mari har gått på Dolly for å feire, så av ein eller annan grunn går eg utifrå at du er med ho der nede. Men ein veit jo aldri med deg, eller kva?;) Det kan jo vere du snik deg tidleg heim…? Vel, eg skal slutte å rote meg oppi dine og *hanvissnamnmåvereunemntmensomalleveit kvener* sine saker og heller fortelje kva som skjer her borte. Sjølv om eg er veldig lei meg for at eg ikkje kunne vere med deg på dagen din og peppre deg med klemmar. Eg får spare opp til eg kjem heim;)
I dag er det tirsdag. Helga som var hadde Emil langhelg i og med at mandag var “Presidents Day” (eg har enno eigentleg ikkje funne ut kva som var så spesielt med den dagen, utanom at alt av sal med eit heitte “Presidents Day sale”, men så lenge det var fridag, slik at Emil kunne vere med meg og mamma, var eg glad til:). Emil sette seg i Suburbanen og køyrte til Dallas, som ligg to timars-køyring herifrå. Der budde me på 4 stjerners-hotell. Litt forandring frå plassen me bur på på basen, der mamma har seng, medan eg ligg på smal sovesofa. Keisamt å komme heimatt, men slik er det. På laurdagen gjekk me på Galleria, eit kjøpesenter som nok set Amanda litt i skuggen. Ikkje berre er det stort, men også dyrt. Det var nok ikkje berre dyre butikkar, men som nokre veit er eg ikkje akkurat ekspert på hovudrekning, så det meste verka dyrt. Likevel fann eg ein trygg oase i ein butikk som dei også har her i Wichita Falls: Hot Topic. Fint og svart:)
På søndagen gjekk me på John F. Kennedy-musèet på Dealey Plaza. Det heiter “The Sixth Floor Museum” fordi det ligg i sjette etasje i Texas School Book Depository. Det var her dei dødelege skota mot president Kennedy blei avfyrte. Det var veldig interessant å sjå alle bileta av John & Jackie før og under køyreturen. Og ikkje minst biletet av Lee Harvey Oswald (han som blei anklagd for å ha skote Kennedy) i det han blei skoten av Jack Ruby.
På mandag dro me til Wichita Mountains som ligg i Oklahoma. Der såg me buffaloar og langhorn-kyr og åt Meers hamburger. Som visst blei kåra til Oklahomas beste i 2003. Aldri før har eg fått ein hamburger servert oppdelt i stykker. Burde seie ein noko om storleiken, eller kva?
Alt i alt har eg det ganske fint her. Det er gøy å henge med brosjan. Og i dag kom det gode vèret for fullt. Varmt og herleg vind. Mmmm……

6 comments
Comments feed for this article
februar 21, 2007 kl. 7:27 pm
Ida
Takktakk Julie:D
Ja, me var på Dolly;) Hadde ein koseleg kveld:D Og når du kjem heim vil eg gjerne vita kven du meinte:P Dessutan forstår eg at privatlivet mitt framleis står på topp over diskusjonsemner:P
Kos deg vidare!
Stoor klem:D
februar 21, 2007 kl. 8:04 pm
Serina
Hei
eller “howareyou?”
Ka skjedde med “la oss alle bli vegetarianere slik at ingen trenger å sulte”? Står ein smule i kontrast t king size burgerene du nå spiser ;p Eg har btw noe t deg.. -ei vegetar kokebok
februar 21, 2007 kl. 8:58 pm
Julie
Privatlivet ditt har alltid vore på topp og komme alltid til å vera det, Ida:D Eg har snakkt med Mari og vett alt om kim som feirte bursdagen din med deg:p
Så kult Serina! Vel, eg ete vegetar så ofta det går, men når man er i Texas så er vegetarmat ein kuriositet… Eg har kun fonne det på Subway. Ellers ete eg vanligvis fiskemat, men ofta har eg nok ikkje nåke valg. Likavel har eg ikkje så dårlig samvittighet så lenge eg bare ete kjøtt til middag. Virkelig: Det er amerikanerane som ete alt kjøttet her på jord (og alt sukkeret for den del..)!
februar 22, 2007 kl. 12:08 pm
Serina
hahaha
Glede meg masse t å se deg igjen
februar 23, 2007 kl. 8:53 am
Ida
Jaja.. Tenkte berre eg skulle seia at der var førarprøven teke og bestått:D
februar 23, 2007 kl. 4:35 pm
Julie
Gratla Ida!!! Då blir d roadtrip t sommaren då??;p I alle fall råning rondt Markedet:D