Då var tida kommen for at òg eg skal stå på eigne bein og markere mine meiningar på det store skumle internettet… På skulen i samfunnskunnskapen har me diskutert korleis internett har utvikla seg til både å bli laga og brukt av “oss vanlege”, at me har fått ei slags demokratisering av internett, og fordeler og ulemper med det. Ei av røstene i klassen påpeikte då at det er ei ulempe at det er lett å drukne i mengda. Det er blitt så populært at alle bloggar om alt, det fins ikkje den ting ingen har blogga om! Dette tenkte eg litt på før eg bestemte meg for å lage meg ein blogg (eg er jo ei av dei sjelane som alltid finn noko å bekymre meg for, melankolikar;) ). Men så kom eg på at det blir jo ikkje eit problem når eg faktisk ikkje har lyst til å synes i den store samanhengen. Eg vil berre ha ein stad eg kan forklare kva eg tenkjer og meiner, heile verda treng ikkje vere interessert. Så eg presenterte min fine metafor for Serina:
“Eg komme jo kje te’ å drukna, eg ska jo ikkje prøva å svømma”
Sandra har visstnok uttalt at ho ikkje skjønar halvparten av det som kjem ut av munnene til Serina og meg… Men det er berre til å ta det med ro, det er ikkje sikkert det alltid er så veldig viktig heller;)
Med dette erklærar eg flytemadrassa mi for opna!

3 comments
Comments feed for this article
februar 2, 2007 kl. 6:09 pm
Serina
Hey sweetie
Ka skjedde med julietankar.blogspot.com?
februar 2, 2007 kl. 6:23 pm
julietankar
Eg blei så forvirra at eg droppa ho og lagde WordPress istaden, systemet til WordPress er jo supert:) …Og nå er eg jo nærmare deg også;p
februar 10, 2007 kl. 4:23 pm
Gunvor
du e flinke julievennen =) Tror du har mye bra å komma me så andre og har godt av å hørra uansett om du prøve å svømma ellår ikkje